Produkta våre

Vi bryggjer flytande historie i hjartet av vestnorske fjordar og fjell. Opplev krafta i tradisjonell kveik og eldgamle norske teknikkar.

  • Sterk-Jolagåva

    Sterk-Jolagåva

    JOLAGÅVA er eit mørkt øl inspirert av den norske jolaøl-tradisjonen. Maltsødme og fylde er
    viktige kjenneteikn, og med litt jolakrydder kjem du fort i den rette stemninga. Då er det berre å pakke opp gåva og dra krakken bortåt glaset. Ølet høver til all jolamat og som munngodt på mørke kveldar. Jolagåva er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-9 °C. Laga på Voss med byggmalt, humle, kveik (gjær),
    jolakrydder og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

    0,33 L Boks 6,5 % Vol
    JOLAØL MED KVEIK

  • Påsketur

    Påsketur

    PÅSKETUR heidrar den ljose tida på året med farge, smak og aroma. Me brukar urgjæra kveik som skapar eit friskt romabilete som minner om appelsin og tropiske frukter. Påsketur er for alle, uansett korte eller lange turar. Eit lettdrikkeleg øl som høver attåt fisk, ljost kjøt, ved grillen eller som tystedrikk. Kan nytast på klisterføre så vel som i våronna. Påsketuren vår er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 5-8 0C. Laga på Voss med ekta vossavatn, byggmalt, humle og kveik (gjær) av folk som trass alt har drukke ein del øl.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol
    LJOST KVEIKØL

  • Brukbar-Jolagåva

    Brukbar-Jolagåva

    JOLAGÅVA er eit mørkt øl inspirert av den norske jolaøl-tradisjonen. Maltsødme og fylde er viktige kjenneteikn, og med litt jolakrydder kjem du fort i den rette stemninga. Då er det berre å pakke opp gåva og dra krakken bortåt glaset. Ølet høver til all jolamat og som munngodt på mørke kveldar. Jolagåva er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og pasteurisert og nytast best ved 6-9 °C. Laga på Voss med byggmalt, humle, kveik (gjær), jolakrydder og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol
    JOLAØL MED KVEIK

  • Slusk

    Slusk

    SLUSK er eit ljost øl som hardtarbeidande jernbanesluskar sikkert hadde likt. Me gjærar Slusk med urgjæra kveik, som skapar fruktig smak og aromabilete. Maltsødme og aromahumle gjer dette ølet til ein kosedrikk for tyste ganar. Slusk er sjølvsagt gjæra med kveik frå Voss, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-8 °C. Ølet er brygga heilt utan slump og lukke av Slumpelukko hjå Voss Fellesbryggeri.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol

  • Gardsøl

    Gardsøl

    Eir øl laga for å heidra og stø den norske bonden! Me nyttar norsk malt frå bygg som er dyrka av norske bønder og kveik (urgjær) som me har henta frå ein gard på Bulken. Me bryggar med sprakalog (einerlog) der spraken er nøysamt plukka av flittige hender på Bulken. Bjørne Røthe som prydar frametiketten er ein 7. generasjons bonde på Dyrvedalen på Bulken, Voss. På Dyrvedalen kan dei brygga øl, og dei gjere det framleis slik forferdrane har lært dei.
    Dette ølet er inspirert av det gardsølet ein finn på Voss, og Bjørne har godkjent det.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol
    EPD: 6435051

  • Vossajol

    Vossajol

    VOSSAJOL er brygga med inspirasjon frå heimabrygget ein finn på Voss. Etiketten syner Vangsgata jolapynta i 1960. Vossajol set deg i stemning og tek deg attende i tid. Attende mot det ekta norske gardsølet. Me brukar sprakalog (einer). Me kokar på koparkjel med open flamme og dette skapar ein fin let (farge) og karamelliserar sukkerstoffa i vørteren. Me gjærar med Kveik frå Bolken. Vossajol høver sjølvsagt attåt jolamat, men står seg heilt fint åleine. Nyt ølet temperert for å få fram dei gode runde smakane.

    6,5% VOL
    330 ML

  • Trå (boks)

    Trå (boks)

    Traa er eit ljost øl som er forfriskande og leskande. Her er ingen smakar framtredande, det er meirsmaken som får smilet fram. Traa er ein friskus som passar til alle høve, både innan og utandørs. Traa er glutenfri, men bruk det for all del ikkje mot den. Traa er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best rett frå kjøleskapet. Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

    4,7% VOL
    330 ML

  • Smale

    Smale

    SMALE er ein IPA brygga med rikelege mengder humle og malt for å få fram bitterheit og sødme. Me gjærar med urgjæra kveik som skapar eit fruktig smaks- og aromabilete. Smale høver godt til all mat frå smalen (sauen), spesielt røykt og feitt kjøt som smalahove, pinnakjøt, pylsa og spekemat. Smale står seg jamvel heilt fint åleine som munngodt. Best ved 8-10°C.

    6,5% VOL
    330 ML

  • Slump

    Slump

    SLUMP er ein Pale Ale med amerikanske humler, som har smak og aroma av sitrus og grapefrukt. Me gjærar Slump med urgjæra kveik, som me har henta frå ein gard på Voss. Kveika har same aroma og smak som humla, så her er det harmoni. Eit vakse øl som me seier på Voss. Slump høver attåt pizza, kjøtrettar eller som tystadrikka. Slump er gjæra med kveik, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-8°C.

    4,7% VOL
    330 ML

  • Skiferøl

    Skiferøl

    Voss Bryggeri ligg i lokala til den gamle butikken rett nedanfor Skiferbrotet på Kyte. Heilt sidan 1700-talet har det blitt kløyvd heller i brotet, og butikken blei bygd for å gje dei mange arbeidarane som jobba og budde i brotet, det mest nødvendige. Då Voss Bryggeri flytta inn i den gamle butikken, ville dei ta vare på handverkstradisjonane, og derfor er det aller første brygget på boks frå Voss Bryggeri eit lettdrikkeleg og leskande øl med lokal einer, til ære for dei lokale arbeidarane i Skiferbrotet.

    4,7% VOL
    330 ML

  • Oregonian

    Oregonian

    Då Voss Bryggeri tilsette sin første sjefsbryggar, fall valet på Ian Greene frå Oregon. Resultatet av møtet mellom den amerikanske vestkysten og det norske Vestlandet blei Oregonian – eit lettdrikkeleg, friskt og fruktig amerikansk øl. Oregonian blei med ein gong ein favoritt hos dei besøkande i den gamle butikken der bryggeriet held hus, og dei siste åra har ølet vunne ei rekke prisar og sett Voss Bryggeri på kartet, langt bortanfor Vossafjella.

    6% VOL
    330 ML

  • Mauritz Hage

    Mauritz Hage

    Då Jeanette som driv Voss Bryggeri vaks opp, var farfar sin hage på Nøtterøy eit paradis der dei klatra i tre, plukka bær og gøymde seg i buskar og kratt frå mai til september. Det er difor naturleg at eit av dei mest sommarlege brygga dei lagar er ein hyllest til farfaren. Bringebær frå Lærdal gjer Mauritz Hage til eit friskt og leskande øl med fruktig aroma og smak. Ein kan samanlikna det med himmelen over Voss eller Nøtterøy ei vakker sommarnatt – lyst, lett og rosa.

    4,7% VOL
    330 ML

  • Heimesider

    Heimesider

    Heimesider vert ofte laga på bokmål grunna treffprosenten. Vår heimesider er så nynorsk at den ikkje ein gong er på nett. Me lagar heimesider som høver best når du er avlogga. Sideren er rund i kantane som far din og sterk som mor di. Den smakar faktisk ikkje så hakkande gale. Laga av saft frå epler frå bratte gardar med dårleg odel, av folk som trass alt har vore på epleslang før.

    7,5% VOL
    330 ML

  • Campingøl

    Campingøl

    CAMPINGØL frå Voss Fellesbryggeri er eit ljost og friskt øl, inspirert av det norske gardsølet. På Voss vart dette kalla spissøl. Dette ølet drakk dei i slåtten og under arbeid på garden. I dag har dei fleste robotklyppar og dei færraste ein gard. Det gjev oss tid til å koma oss ut på tur, og gjerne på camping. Me har nytta urgjæra Kveik, som me har henta på ein gard på Voss. Kveiken skapar eit fruktig smaksbilete. Campingølet høver på og under campingturar, gjerne ved Tvinnefossen, sjølve ungdomskjelda på Voss. Alt godt til deg frå oss på Voss.

    4,7% VOL
    330 ML

  • Kvit Øl

    Kvit Øl

    KVIT ØL er eit kveiteøl der me er inspirert av dei belgisk Wit. Me krydrar med appelsinskal og koriander, og sidan me gjærar med Kveik vert det ein eksotisk spiss på smaken, enten du drikk det som tystedrikk eller som følgje til fisk, skalldyr eller fruktdesserter.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol
    EPD: 6435051

  • Ljos Kos

    Ljos Kos

    LJOS KOS er eit forfriskande og fruktig ljost øl i amerikansk stil. Me gjærar med Kveik, og du kjenner innslag av sitrus og grapefrukt, men og sødme frå malten. LJOS KOS er lett å lika og høver til fisk, skaldyr, ljost kjøtt eller som tystedrikk.

    0,33 L Boks 4,7 % vol
    EPD: 6325104

  • Ei Bleik Ei

    Ei Bleik Ei

    CAMPINGØL er eit ljost frisk øl, inspirert av det norske gardsølet. Me har gjær dette ølet med urgjæra KVEIK som me har funne på ein gard på Voss.Kveiken skapar saman med humla eit fruktig smaksbilete.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol.
    EPD: 6297113

  • Slalom Porter

    Slalom Porter

    SLALOM PORTER er eit mørkt øl med smak av røsta malt og kaffi. Me gjærar med Kveik, som set ei fin fruktigheit til ølet. Slalomporter sin maltsødme og fylde gjer det til eit koseøl, åleine eller saman med ostar, sjokolade eller vaniljeis. Dette er det perferkte dessertøl.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol.
    EPD: 6435069

  • Vossapils

    Vossapils

    VOSSAPILS er vårt bidrag til det ljose og lette ølet. Ølet har ein behageleg maltsødme og ein roleg humleprofil. Ølet høver tystadrikk, sommar som vinter. Vossapils høver attåt all mat, og særskilt hermetikk.

    0,33 L Boks 4,7 % vol
    EPD: 6321236

  • Vossasider Eple & Bringebær

    Vossasider Eple & Bringebær

    Vossasider med eple og bringebær er laga på friske norske epler og bringebær. Sideren er ikkje tilsett sukker og har ein frsik fruktig smak. Sideren er laga av folk som er oppvaksne på nedfallsfrukt. Smakar ikkje så hakkande gale.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol.
    EPD: 6325088

  • Vossasider Eple

    Vossasider Eple

    Vossasider med eplesmak er laga på friske norske eple. Sideren er ikkje tilsett sukker, og har ein frisk fruktig smak. Sideren er laga av folk som er oppvaksne på nedfallsfrukt. Smakar ikkje så hakkande gale.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol.
    EPD: 6325070