Brygg til
folket.

Ølet vårt er brygga av lokale ølentusiaster som ynskjer å bygga vidare på dei rike mat- og drikketradisjonane på Voss og derikring. Ambisjonen vår er å gjera godt kvalitetsøl tilgjengeleg for folk over heile landet.

UTVALDE BRYGG

SIGNATURØLA VÅRE

I kjernen av alt vi gjer ligg kveiken – Gjær frå Voss som har vorte halden i live i hundrevis av år. Ho gir øla våre ein særprega karakter som du ikkje finn andre stader i verda.

  • Kvit Øl

    KVIT ØL er eit kveiteøl der me er inspirert av dei belgisk Wit. Me krydrar med appelsinskal og koriander, og sidan me gjærar med Kveik vert det ein eksotisk spiss på smaken, enten du drikk det som tystedrikk eller som følgje til fisk, skalldyr eller fruktdesserter.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol
    EPD: 6435051

  • Ljos Kos

    LJOS KOS er eit forfriskande og fruktig ljost øl i amerikansk stil. Me gjærar med Kveik, og du kjenner innslag av sitrus og grapefrukt, men og sødme frå malten. LJOS KOS er lett å lika og høver til fisk, skaldyr, ljost kjøtt eller som tystedrikk.

    0,33 L Boks 4,7 % vol
    EPD: 6325104

  • Slalom Porter

    SLALOM PORTER er eit mørkt øl med smak av røsta malt og kaffi. Me gjærar med Kveik, som set ei fin fruktigheit til ølet. Slalomporter sin maltsødme og fylde gjer det til eit koseøl, åleine eller saman med ostar, sjokolade eller vaniljeis. Dette er det perferkte dessertøl.

    0,33 L Boks 4,7 % Vol.
    EPD: 6435069

  • Vossapils

    VOSSAPILS er vårt bidrag til det ljose og lette ølet. Ølet har ein behageleg maltsødme og ein roleg humleprofil. Ølet høver tystadrikk, sommar som vinter. Vossapils høver attåt all mat, og særskilt hermetikk.

    0,33 L Boks 4,7 % vol
    EPD: 6321236

OMVISNING OG SMAKING