SLUSK er eit ljost øl som hardtarbeidande jernbanesluskar sikkert hadde likt. Me gjærar Slusk med urgjæra kveik, som skapar fruktig smak og aromabilete. Maltsødme og aromahumle gjer dette ølet til ein kosedrikk for tyste ganar. Slusk er sjølvsagt gjæra med kveik frå Voss, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-8 °C. Ølet er brygga heilt utan slump og lukke av Slumpelukko hjå Voss Fellesbryggeri.
0,33 L Boks 4,7 % Vol

