Vossajol

VOSSAJOL er brygga med inspirasjon frå heimabrygget ein finn på Voss. Etiketten syner Vangsgata jolapynta i 1960. Vossajol set deg i stemning og tek deg attende i tid. Attende mot det ekta norske gardsølet. Me brukar sprakalog (einer). Me kokar på koparkjel med open flamme og dette skapar ein fin let (farge) og karamelliserar sukkerstoffa i vørteren. Me gjærar med Kveik frå Bolken. Vossajol høver sjølvsagt attåt jolamat, men står seg heilt fint åleine. Nyt ølet temperert for å få fram dei gode runde smakane.

6,5% VOL
330 ML

Å drikka alkohol kan vera skadeleg for helsa. Meir informasjon her.