Slump

SLUMP er ein Pale Ale med amerikanske humler, som har smak og aroma av sitrus og grapefrukt. Me gjærar Slump med urgjæra kveik, som me har henta frå ein gard på Voss. Kveika har same aroma og smak som humla, så her er det harmoni. Eit vakse øl som me seier på Voss. Slump høver attåt pizza, kjøtrettar eller som tystadrikka. Slump er gjæra med kveik, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-8°C.

4,7% VOL
330 ML

Å drikka alkohol kan vera skadeleg for helsa. Meir informasjon her.