Heimesider

Heimesider vert ofte laga på bokmål grunna treffprosenten. Vår heimesider er så nynorsk at den ikkje ein gong er på nett. Me lagar heimesider som høver best når du er avlogga. Sideren er rund i kantane som far din og sterk som mor di. Den smakar faktisk ikkje så hakkande gale. Laga av saft frå epler frå bratte gardar med dårleg odel, av folk som trass alt har vore på epleslang før.

7,5% VOL
330 ML

Å drikka alkohol kan vera skadeleg for helsa. Meir informasjon her.