Campingøl

CAMPINGØL frå Voss Fellesbryggeri er eit ljost og friskt øl, inspirert av det norske gardsølet. På Voss vart dette kalla spissøl. Dette ølet drakk dei i slåtten og under arbeid på garden. I dag har dei fleste robotklyppar og dei færraste ein gard. Det gjev oss tid til å koma oss ut på tur, og gjerne på camping. Me har nytta urgjæra Kveik, som me har henta på ein gard på Voss. Kveiken skapar eit fruktig smaksbilete. Campingølet høver på og under campingturar, gjerne ved Tvinnefossen, sjølve ungdomskjelda på Voss. Alt godt til deg frå oss på Voss.

4,7% VOL
330 ML

Å drikka alkohol kan vera skadeleg for helsa. Meir informasjon her.