Opplev smaken
av brygg frå Voss

Med gründer og historieforteljar Rune Midttun som guide får de smaka, læra og le, samt læra om ølbrygging og den unike kveikkulturen som bryggeriet er verdsleiande på.

Bli med grunder og ølbryggar Rune Midttun på smaking av lokalt øl, brygga med kveik!

Dei to bryggeria på Voss, Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri, har slått seg saman for å satsa breiare på det beste innan ølkultur. Det er gründer og dagleg leiar Rune Midttun som held ølsmakinga. Her vil de får høyra om korleis me lagar øl, sider og sterkare saker. Vidare får de høyra ein del om ølets historie, spesielt i Noreg. Midttun er også ein framifrå formidlar og historieforteljar, og humoren er aldri langt unna. Bryggeriet har fokus på urgjæra kveik og er det bryggeriet i verda som har brygga flest og mest øl med denne eldgamle norske ølgjæra. Bryggeriet er no i gang med eit forskningsprosjekt på Kveik, saman med NIBIO. Bryggeriet får med dette mykje erfaring og kunnskap omkring Kveik.

Sjå kva Kapteinen i Kompani Lauritzen melde attende om smakinga dei var med på:

Rune holdt et fantastisk foredrag som inkluderte ølsmaking for oss på Voss. Han er engasjert, kunnskapsrik og har en stor dose glimt i øyet. Foredraget spenner bredt fra lokalhistorie, tradisjon og ølbrygging til mer dagligdagse og allmennyttige problemstillinger. Jeg kan trygt anbefale en kveld med Rune. Det er både underholdende, interessant og morsomt!

– John Hammersmark
– Kaptein i Kompani Lauritzen

Bestill ølsmaking

Fyll ut skjema og me kontaktar deg snarleg!

Type gruppe
Språk