Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri

Dei to bryggeria på Voss, Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri, har slått seg saman for å satse breiare på det beste innan ølkultur.

Me opnar dørene og tilbyr ølsmaking på bryggeriet.

Det er gründer og dagleg leiar sjølv som tek i mot dekan.

Her vil de får høyra om korleis me lagar øl, sider og sterkare saker. Vidare får de høyra ein del om ølets historie, spesielt i Norge. Me har fokus på urgjæren kveik og dette er verkeleg spennande saker.

 

Undervegs får de smaksprøvar på både øl og sider og det vert heilt sikkert nokre røvarhistoriar.

 

Praktisk info:
•Smakinga varar i ca. 1,5 timer.
•Det er inkludert 4 smaksprøvar
Pris: 5000 kr. opp til 10 personar, deretter 500 kr. per person.

Er de ei gruppe på meir enn 25 personar kan ølbryggar komma til deg, enten på eit av hotella eller til andre selskapslokale på Voss.

 

Bryggeriet har også utsal innanfor vanlege salstider, så her er blir det høve til å kjøpa med seg favoritten heim!

 

Booking via e-post direkte til Voss Fellesbryggeri voss@fellesbryggeri.no.

Bryggeriet tek ikkje i mot utdrikkingslag på ølsmaking.

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.

https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/alkohol/alkoholens-virkning-pa-kroppen