web_construction-3b.jpg
trekasse1_1417.jpg
trekasse2_1416.jpg
trekasse3_1420.jpg
trekasse4_1419.jpg
trekasse5_1418.jpg
web_construction-1b.jpg
voss_fellesbryggeri_case-4.jpg
web_construction-3b.jpg

Heim

L/L VOSS FELLESBRYGGERI er eit lokalt handverksbryggeri på Voss. Me lagar øl basert på lokale heimebryggingstradisjoner. Ølet, marknadsføringa og alt me gjer speglar det karakteristiske Vossalynnet og måten å vera på.  Bak L/L VOSS FELLESEBRYGGERI står det folk som  trass alt har drukke ein del øl. 

SCROLL DOWN

So langt har me laga fem typar: LJOS KOS (Blonde ale), EI BLEIK EI (Pale ale), TRAA (Voss Blonde ale), KVIT ØL (kveiteøl) og SLALOMPORTER (Porter).

Og me har meir på gong...

trekasse1_1417.jpg

Ljos kos (NO)

Ljos kos (NO)

LJOS KOS er eit forfriskande og fruktig ljost øl i amerikansk stil. Du kjenner innslag av sitrus og grapefrukt, men òg sødme frå malten. LJOS KOS er lett å lika og høver til fisk, skaldyr, ljost kjøtt eller som tystedrikk.

LJOS KOS er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 5-8 °C.

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

Tilgjengeleg på 330 ml flaske – 4,7 % vol

trekasse2_1416.jpg

Ei bleik ei (NO)

Ei bleik ei (NO)

EI BLEIK EI er eit friskt og fruktig øl med smakstonar frå sitrus og grapefrukt. Her har me vore slepphendte med humla, i god amerikansk stil. EI BLEIK EI høver til helgekosen og hevar opplevinga når kjøtrettar, pizza og anna god mat står på menyen.

Ei bleik ei er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-8 °C.

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

Tilgjengeleg på 330 ml flaske – 4,7 % vol

trekasse3_1420.jpg

Traa (NO)

Traa (NO)

TRAA er eit  ljost øl som er forfriskande og leskande. Her er ingen smakar for framtredande; det er meirsmaken som får fram smilet. TRAA er ein friskus som passar til alle høve, både innan- og utandørs.

TRAA er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast  best ved 4-6 °C.

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

Tilgjengeleg på 330 ml flaske – 4,7 % vol

trekasse4_1419.jpg

Kvit øl (NO)

Kvit øl (NO)

KVIT ØL er eit kveiteøl som er brygga med
belgisk gjær og krydra med appelsinskal og koriander.
Dette set ein eksotisk spiss på smaken, enten du drikk det som tystedrikk eller som følgje til fisk, skalldyr eller fruktdesserter. 

KVIT ØL er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast  best ved 5-7 °C.

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

Tilgjengeleg på 330 ml flaske – 4,7 % vol

trekasse5_1418.jpg

Slalomporter (NO)

Slalomporter (NO)

SLALOMPORTER er eit svart øl med smak av røsta malt og kaffi. Slalomporter sin maltsødme og fylde gjer det til eit koseøl, åleine eller saman med ostar, sjokolade eller vaniljeis.

SLALOMPORTER er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 7-9 °C.

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

web_construction-1b.jpg

Om oss

Om oss

Om oss

Ølet vårt er brygga av lokale ølentusiaster som ynskje å bygga vidare på dei rike mat- og drikketradisjonane på Voss og derikring. Ambisjonen vår er å gjera godt kvalitetsøl tilgjengeleg for folk over heile landet, og jamvel utanlands.  

L/L Voss Fellesbryggeri starta produksjonen i vårt splitter nye bryggeri i 2016 - i eit tidligare bakeri. Våre ølmerker er tilgjengelege over heile landet gjennom butikkjedene til Norgesgruppen (Meny, Spar, Eurospar og  Joker - men ikkje KIWI) - samt andre utsal for handverksbrygg og anna kvalitetsøl. 

Kom gjerne på vitjing på bryggeriet og kontoret - adressa er: 

Brynalii 102, 5705 Voss, Norway.

Kontakt oss

Ring til +47 950 90 007, send e-post til voss@fellesbryggeri.no – eller bruk skjemaet.

Namn *
Namn
voss_fellesbryggeri_case-4.jpg

Outro (NO)

Outro (NO)

Snart kjem det fleire spanande produkt. Følg oss på  Facebook så heng du med.

med god ølhelsing

Rune, Helge, Ann Christin, Wright og Torkjel
L/L Voss Fellesbryggeri

Å drikka alkohol kan vera skadeleg for helsa. Meir informasjon her.