TRAA er eit  ljost øl som er forfriskande og leskande. Her er ingen smakar for framtredande; det er meirsmaken som får fram smilet. TRAA er ein friskus som passar til alle høve, både innan- og utandørs.

TRAA er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast  best ved 4-6 °C.

 

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

Tilgjengeleg på 330 ml flaske – 4,7 % vol