LJOS KOS er eit forfriskande og fruktig ljost øl i amerikansk stil. Du kjenner innslag av sitrus og grapefrukt, men òg sødme frå malten. LJOS KOS er lett å lika og høver til fisk, skaldyr, ljost kjøtt eller som tystedrikk.

LJOS KOS er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 5-8 °C.

 

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

Tilgjengeleg på 330 ml flaske – 4,7 % vol