EI BLEIK EI er eit friskt og fruktig øl med smakstonar frå sitrus og grapefrukt. Her har me vore slepphendte med humla, i god amerikansk stil. EI BLEIK EI høver til helgekosen og hevar opplevinga når kjøtrettar, pizza og anna god mat står på menyen.

Ei bleik ei er sjølvsagt overgjæra, ufiltrert og upasteurisert og nytast best ved 6-8 °C.

 

Laga på Voss med byggmalt, humle, gjær og ekta vossavatn, av folk som trass alt har drukke ein del øl.

Tilgjengeleg på 330 ml flaske – 4,7 % vol